04.05.2011

Konsert med Volda skulekorps søndag 27. Mars klokka 17:00 på Berte Kanutte.

Konsert med Volda skulekorps søndag 27. Mars klokka 17:00 på Berte Kanutte.
Skrevet av: Eli Kristin 

Dirigent: Ingvild Haram.
Leder for perkusjonsgruppa: Lars Evensen Sagstuen.
Nils Olav Johansen.


Volda skulekorps etter konserten, søndag 27. Mars. Foto: Eli Kristin Melkvik

Konserten starta med tre innslag av Volda skulekorps. Alle tre var skrivne og arrangerte av Jan Magne Førde frå Brazz broders.
Det første innslaget var eit stykke som het Kongolela, som var skrevet og produsert i Afrika.
Starta med rytme frå perkusjonsgruppa og utvikla seg. Stykket hadde flott bruk av dynamikk, noko som dirigenten med god kontroll, overførte til korpset. Korpset og dirigenten hadde god kommunikasjon under heile stykket og tre elevar improviserte fram nokon framifrå soloar på tromme.
Under stykket var det også eit innslag frå drilljentene. Dei hadde eit godt arrangement og god rytmesans. Dei ga stykke noko ekstra, dei gjorde at i tillegg til å høyre musikken, så fikk du også sett musikken i bevegelse. Stykket enda med eit smell, applaus og mange smilande ansikt. 
Det andre innslaget var stykket Ejala, også skrevet og produsert i Afrika.
Dette stykket var rolig og godt utført både harmonisk og rytmisk, ikkje berre frå komponisten si side, men også korpset som framførte med stålkontroll. Vi fikk høyre soloinnslag frå Peter på alt saksofon og frå Øystein på tuba, til stor applaus frå publikum.
Det siste innslaget var stykket Brazzissimo, som ble skrevet i haust.
Dette stykket var fengande og flott utført av korpset. Dei hadde god kontakt med dirigenten og stykket hadde god flyt, noko som viste at elevane ligg på eit høgt nivå. Drilljentene sitt arrangement til dette stykket var flott samansatt.

Så var det to innslag frå drilljentene. Dei hadde valt ein song frå musikalen Hairspray og Quincy Jones sin song Soul Bossa Nova

Det var to herlege innslag som var både underhaldande og fint å sjå på. Dei var godt koordinerte og veldig flinke.

 

Dei neste som skulle framføre var Volda Skulekorps sine aspirantar.
For dei som ikkje veit kva ein aspirant er, så er det dei som nettopp har starta, nybegynnarane. Instrumenta de spelte på var tverrfløyte, saksofon, trompet, klarinett og trombone. 
Dei spelte tre innslag under leiing frå Aksel Farstad.
Det første var ein fanfare for fløyte. Det var tostemt og flott gjennomført.
Så var det Blinke Blinke Stjerneklar som ble spelt av alle aspirantane, og til slutt fikk vi høyre Alle fugler fleirstemd.
Dei var skikkelig flinke på instrumentane sine. Dei var samspelte og flinke til å lese notar. Nokon svært lovande korpsmusikantar.
Så var det en pause med sal av kakar, kaffi og lodd.
Etter pausen så starta det med eit elevband med Nils Olav Johansen i spissen.
 Bandet besto av to gitaristar, ein bassist, ein saksofonist, ein på tromme og ei på tverrfløyte.  Dei spelte jazz inspirert musikk og starta med ein song frå Django Reinhardt. Det vart sagt at dei ikkje hadde spelt saman lengre enn ei veke, og eg fikk hakeslepp når dei begynte å spele. Dei hadde godt samspill, god kommunikasjon seg imellom og ein på tromme som hadde stålkontroll over rytmen under heile songen.
Neste innslag var Take The A Train, og denne songen hadde god flyt, var fengande og alle i bandet viste at dei hadde god kontroll over instrumenta sine.
Det siste dei spelte var songen All of me. Der var det solo med fløyte og gitar. Dei hadde  flott bruk av dynamikk og det var ein rein fornøyelse å høyre på.
Alt i alt var dei kjempeflinke. Det virka som om dei hadde spelt saman mykje lengre enn ei veke. Dei hadde stålkontroll over det dei gjorde og dei fortjente all jubel og applaus dei fikk. Volda skule har nokon dyktige musikarar.
Volda skulekorps avslutta konserten med tre innslag arrangert av Nils Olav Johansen.
Det første innslaget var Heartbreak Hotel, som Nils Olav meinte at aldri hadde blitt spelt av korps før.  Melodien ble spelt av tuba, og sidan tubaen lagar så djup lyd, måtte han ha mikrofonen oppi tubaen. Det var gitarsolo av Nils Olav, Saksofon solo av Peter og trombone solo av Emil.
Det neste innslaget var Chopcho Sallad. Stykket starta rolig og økte i tempo. Arrangementet var skikkelig fengande, og vi fikk høyre to soloar på klarinett. Dei som hadde solo var Halvdan og Terry.
Det siste innslaget som avslutta heile konserten var stykket Sørsame, som var melodien frå ein sørsamisk joik.  Arrangementet var utruleg fengande og det var eit glimrande samspel mellom korpset. Vi fikk høre ein klarinett solo frå Sander. Noko som eg også la merke til, var trommeslageren Elias, som hadde stålkontroll og satt å triksa med trommestikka under framføringa.
Dirigenten hadde god energi og kjempe kontroll over korpset under heile konserten. Var veldig tydeleg i måten ho dirigerte. Lars Evensen Sagstuen som hadde ansvar for perkusjonsgruppa hadde god kontroll og hjelpte gruppa si med og følgje notane under nokon av stykka dei framførte, der kor rytmen var litt vanskeleg.
Alt i alt var dette ein oppleving utan like. Volda Skulekorps var kjempeflinke. Dei haldt fokus, dei hadde kontroll over instrumenta, dei leste notar og dei hadde kontakt med dirigenten og spelte nokon fantastiske innslag. Drilljentene hadde nokon flotte arrangement som fikk alle til å smile. Elevbandet hadde nokon uforgløymelige innslag som du kunne forventa av band som har spilt saman i meir enn i ei veke og aspirantane var utruleg dyktige og har ein stor framtid innanfor korps.
Til slutt fikk eg eit kort ord med dirigent Ingvild Haram, som var stolt over elevane og prestasjonane dei hadde vist under konserten. Hun sa at hun ikkje noken gang hadde dirigert ein så bra konsert med så unge folk.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar